Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

'Ello


Eddy

Anbefalte innlegg

Hallo.

Eg er ein snart 16 år gamal gut som for tre dagar sia flytta til Hå kommune(Stavanger-området). Har spelt el-gitar i rundt 2 år no og akustisk i snart 6 år(jamt fordelt på dei 6 åra skal seiast). Kjem frå ein musikalsk familie som gjorde at eg og byrja å klimpre litt på strengar og slikt.

Gitarspelinga har gått bra så langt, det har gått fort framover.

Som dei fleste "die-hard" Iron Maiden fans er det stort sett det eg spelar. Har prøvd å variere litt men i og med at eg endå ikkje har hatt noko lærar har eg stort sett spelt det eg har lyst til. Kan vel innrømme at eg slit litt med dei vanskeligste soloane deira, men eg byrjar bli ganske god. Fått litt teken på sweeping, tapping og legato osv.

Utstyr:

Det her står vel stort sett i signaturen min, men det får så vere. Eg gjekk i vinter til innkjøp av ein Gibson SG Special Faded som erstatta ein Fender Squier Strat. Eg er særs nøgd med gitaren så langt. Forsterkaren eg brukar er ein fender Frontman 15G. Noko drit. Skal gå til innkjøp av ein ny innanfor dei neste vekene.

Vel, det var litt om meg. Takkar for oppmersemda :P

Endret av Eddy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.