Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Restaurering/ombyggjing av Epiphone S-serie


Anbefalte innlegg

Då er eg i gong med denne haustens/vinterens gitarprosjekt. I utgangspunktet hadde eg tenkt å byggje ein Strat i frå grunnen, men sidan eg har min aller første el-gitar liggande, bestemte eg meg for å bruke denne som utgangspunkt. Dette er ein Epiphone S-400, ein slags "superstrat" som var i handelen på slutten av 80-talet. Eg kjøpte den brukt i 1994, den gong var den i super stand og eg synest det var den tøffaste gitaren i verda. Dette varte ikkje så lenge, og gitaren blei offer for i alle fall 3 nedslipingar/omattlakkeringar. Ung og dum som eg var brydde eg meg ikkje om finish, så lenge fargen var rett! Gitaren blei sjølvsagt rimeleg herpa av dette, og etterkvart blei den lagt vekk og andre gitarar kom inn i staden. Har fleire gongar vore nær ved å skrote den, men det er noko med den første gitaren...:) Så no tenkte eg å prøve å gi den eit nytt liv på sine gamle dagar :)

Gitaren var som sagt ein billegutgave av ein Superstrat. Den var utstyrt med ein grusom Floyd-Rose-kopi, og HSS-oppsett. Bortsett i frå at den var umuleg å halde stemt, var det en utruleg god og lettspelt gitar. Har ikkje bilete av gitaren i original tilstand, men fann dette biletet av ein modell som var hakket billigare:

504176.jpeg

Frå før har eg modifisert headstocken, den har fått litt rundare fomer, og ser ikkje so "heavy-metal" ut. Minner meir om Explorer no. Vidare har eg tenkt å montere hard-tail bridge, sidan den originale var heilt på trynet, og erstatningstremolo som passar er umogleg å oppdrive. For å få til dette må sjølvsagt holet for tremoloen pluggast. Det ordna eg ved å tilpasse eit stykke frå samme benkeplate som eg bygde Tele`n av. Denne blei limt på plass, og for å få til ein smooth overgang mellom treverka slipte eg eit spor i overgangen, og fylte dette med epoxy. Etter eit par runder med pussing og etterfylling med epoxy ser dette ut til å bli vellukka (takk for tipset Greener :) )

Neste runde blir å få montert bridgen, hals og strengar for å finne ut om det i det heile tatt er vits i å fortsette med prosjektet.

Har ikkje fått teke noko bilete endå, men vil kome tilbake med det etter kvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Held for øyeblikket på å leite etter ein hard-tail bridge på ebay, ikkje noko å seie på utvalget. Men greier ikkje heilt å bestemme meg om eg skal gå for ein standard Fender-bridge med strengegjennomføring i fra undersida, eller om eg skal gjere det enkelt og bestille ein såkalla top-mount der strengane går inn i bak-kant av stolen. Har denne typen på Tele`n som eg bygde, og det fungerar veldig greit. Kan nokon svare meg på om det er noko praktisk forskjell på disse to typane, anna enn arbeidsmengde ved montering? Lydmessig forskjell kan det vel neppe vere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.