McJostein

Byggetråd - Superlyd Warhuus

Anbefalte innlegg

Eg har fått i oppdrag å bygge ein forsterker til ein kamerat, og eg tenkte det kanskje kunne vere greitt å ha ein byggetråd her inne for dei som måtte vere interessert. Vedkommende ville ha ein forsterker som ikkje var alt for kraftig, men som likevel kan fungere i bandsamanheng. Lydmessig så er ønsket noko i Marshall-land med to kanalar der den eine gjer lett vreng medan den andre  må vere i JCM800-territorie. Eg har teke utgangspunkt i ein av mine favorittar, Marshall 2061 Lead and bass, men med nokre modifikasjonar. Planen er å kjøre EL34 i kraftforsterkeren, men med såpass lav spenning at ein kan kjøre på ein 20W utgangstrafo (dette har eg gjort før med gode resultat). Kanal 2 er lav-gain-kanalen og er så og seie identisk med Lead-kanalen på 2061. Kanal 1 er high-gain-kanalen og er basert på Swank Motee-moden for å cascade dei to kanalane i 2061. Dette har eg prøvd ein gang tidlegare og det gjer i utgangspunktet meir vreng enn JCM800/2204/2203 gjer. Eg må ha ein eller annan form for rele-switching, så for enkelhetsskyld og for å kunne kjøre ulike rør i dei to kanalane, så vert det to separate kretsar for dei to kanalane.  Kretsen i seg sjølv er utruleg "enkel", men dette er ein av dei "Marshallene" som let best (etter mi meining). Eg legg ved layout under for dei som måtte vere interessert. Inntil vidare er det berre ein bryter i front for kanalbyte, plassen mellom dei to fiberkortene skal brukast til eit rele-kort (eg tenker å jukse litt og bruke tube-town sitt PCB-kort til switchinga, då eg trur det vert betre enn om eg skulle laga det sjølv på fiberkort eller vero). Eg har ikkje verifiert at alle koblingar på layoutet er korrekt, det har gått litt fort i svingane med å tilpasse layout til chassis. Men verifiseringa tek eg under vegs når eg bygger. 

 

Edit: eg har allerede funnet første feil :)  Potmeterene skal sjølvsagt vere 1M LOG, ikkje LIN som det står no.

Warhuus-testrender.png

Endret av McJostein
  • Liker 2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då kjem allereie første oppdatering :) Pre-ampkortet er så godt som ferdig. Eg tek no ei lita veke fri frå prosjektet for å reise på kurs i jobbsamanheng. Det gjenstår litt metallsløyd på chassis (pussing og lakkering), men eg satsar på å begynne med montering rundt neste helg.

50854DF9-1B32-49DE-8CA1-780A27075EA1.jpeg

AAB42FB1-84DF-4E62-9338-D15A31BB9EE3.jpeg

  • Liker 13
  • Takker 1

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Interessant prosjekt, nesten på Tweed Champ nivå ift antall komponenter for hver kanal. Hvor kjøper du delene? Jeg har vært godt fornøyd med Tube-Town i Tyskland, men alltid interessant å høre om folks erfaringer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

@fuzz Eg har ein del delar liggende som eg har kjøpt forskjellige plassar, hugsar ikkje heilt i farten alle, men eg også brukar tube-town til mykje av delane. Andre plassar eg kjem på i farten er f.eks Mouser, Farnell, TAD, Weber, TubeDepot, Watts Tube Audio... og sikkert mange fleire.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då har eg fått banka ferdig det andre fiberkortet og plassert delar. Chassis er også ferdig drilla, eg satsar på å sandblåse og lakkere i løpet av dagen.

 

2394A66F-B194-433A-B633-013C99AB1607.jpeg

Endret av McJostein
  • Liker 2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Chassiset er ferdig sandblåst (det vart ein kombinasjon av sandblåsing og aceton/skraping), men lakkeringen gjekk litt skeis så eg må pusse litt i morgon og kjøre eit eller to strøk til. Problemet er at det er litt rennemerker på sidene og isoporen har hengt seg litt fast ett lite stykke under. Gullfargen er no ganske fin i alle fall ?

7A00DFF6-415C-4679-9519-6E3736B4BD11.jpeg

  • Liker 2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då er det meste mekaniske montert og eg får forhåpentligvis begynt med å koble relativt snart. Chassis er egentlig pre-drilla til ein annan modell så derfor ser det litt Frankenstein-ish ut før frontpanel kjem på.

 

18B24157-8582-4F11-BF99-EDB67E8A9616.jpeg

Endret av McJostein
  • Liker 3

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då er den fyrt opp for første gang. Det gjenstår litt kobling og feilsøking samt litt støyreduksjon og kobling av kanalbytter, men dette blir bra.

 

1B00D7B7-DA03-4F5C-9E0A-E825E4C836E6.jpeg

  • Liker 8

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då har eg testa,  lodda, tasta og lodda. Eg har endra litt komponnenter, men har kome til at det er for lite vreng i kanal 2 i seg sjølv - det er fasevender-røret som lager mesteparten av vrengen. Derfor må eg endre litt på kretsen for å overstyre meir i andre rørtrinn på kanal2, slik at ein kan få nokonlunde likt volum mellom kanalene og samtidig meir vreng på kanal2 enn på 1. Kanal 2  vert truleg meir lik på 2203/2204, men me får sjå kvar dette ender. Nytt layout ligger under. I tillegg får eg truleg produsert frontpanel i løpet av ei veke - her har eg fått eit lokalt firma til å gjere jobben med laserskjæring/gravering. 

Warhuus_v2.png

  • Liker 2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Dette blir råtøft! Håper på lydklipp når du er fornøyd! :)

  • Liker 1

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
19 timer siden, McJostein skrev:

Det har gått litt seint siste veka, men i kveld henta eg front- og bakpanel.

F73EEDB8-4539-4827-A58C-628137EBC243.jpeg

Panel med norsk tekst, skjeldent☺️

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det går litt seint, men eg er snart i mål med ampen. Det er ikkje mykje meir vreng på kanal B enn på A, men den er litt tightere og litt lysere voica enn kanal A. Eg linker til eit lydkllipp, men det er teke opp med ein mikrofon midt i rommet så det let litt papp/rom, men eg håpar litt av karakteren kjem fram. Klippet begynnar på kanal B med alt på 11, så hoppar eg til kanal A med litt redusert gain og tone. for så å knalle til med alt på 11 på kanal A. Det er spilt inn med ein Gibson SG 1967 med originale pickups, sånn ca 7.6K på bridge hvis eg hugsar rett. NB. spelinga er dessverre ikkje all verden.

https://www.dropbox.com/s/192pnnbc2n7t80i/SW-test2.mp3?dl=0

 

Eit bilete er vel på sin plass også.

C4EEE601-B4E5-40AE-A02A-01905ECD360A.jpeg

Endret av McJostein
  • Liker 6

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då er prosjektet ferdig og på vei i posten til ein heldig fyr i Lillestrøm. Eg er godt fornøyd med resultatet, men det kan hende det må gjerast nokre små justeringar etter kvart (me har nok ikkje heilt lik smak/preferanser på lyd). Innmaten vart noko meir uryddig enn eg hadde tenkt, men ting fungerar i alle fall bra. Det er ledig "kapasitet" på rele-kortet så her kan det gjerast ein del modifikasjonar på switchinga av kanalane dersom det f.eks er behov for endringar i sluttforsterkeren på den eine kanalen. Pre-ampane er heilt separate så der er det berre å bytte delar etter smak og behag :)  Trekkinga av kabinettet er ikkje spesielt bra, men dette er eit test-kabinett og vedkommende skal få eit nytt (og finare) utpå vinteren :) 

 

 

SW-innmat.jpg

SW-kab.jpg

  • Liker 13

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då er ampen omsider heilt ferdig, eg har snekra headshell og far min har rosemåla... Eg hadde ein ekstra runde på high-gain-kanalen for ei tid tilbake og la inn eit ekstra gain-steg for litt meir vreng. Kunden er etter det eg forstår svært nøgd med resultatet :)  Biletet er frå kunden sitt musikkrom :) 

 

 

superlyd_ferdig.jpg

Endret av McJostein
  • Liker 10

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive