Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Byggetråd - Superlyd Warhuus


Anbefalte innlegg

Eg har fått i oppdrag å bygge ein forsterker til ein kamerat, og eg tenkte det kanskje kunne vere greitt å ha ein byggetråd her inne for dei som måtte vere interessert. Vedkommende ville ha ein forsterker som ikkje var alt for kraftig, men som likevel kan fungere i bandsamanheng. Lydmessig så er ønsket noko i Marshall-land med to kanalar der den eine gjer lett vreng medan den andre  må vere i JCM800-territorie. Eg har teke utgangspunkt i ein av mine favorittar, Marshall 2061 Lead and bass, men med nokre modifikasjonar. Planen er å kjøre EL34 i kraftforsterkeren, men med såpass lav spenning at ein kan kjøre på ein 20W utgangstrafo (dette har eg gjort før med gode resultat). Kanal 2 er lav-gain-kanalen og er så og seie identisk med Lead-kanalen på 2061. Kanal 1 er high-gain-kanalen og er basert på Swank Motee-moden for å cascade dei to kanalane i 2061. Dette har eg prøvd ein gang tidlegare og det gjer i utgangspunktet meir vreng enn JCM800/2204/2203 gjer. Eg må ha ein eller annan form for rele-switching, så for enkelhetsskyld og for å kunne kjøre ulike rør i dei to kanalane, så vert det to separate kretsar for dei to kanalane.  Kretsen i seg sjølv er utruleg "enkel", men dette er ein av dei "Marshallene" som let best (etter mi meining). Eg legg ved layout under for dei som måtte vere interessert. Inntil vidare er det berre ein bryter i front for kanalbyte, plassen mellom dei to fiberkortene skal brukast til eit rele-kort (eg tenker å jukse litt og bruke tube-town sitt PCB-kort til switchinga, då eg trur det vert betre enn om eg skulle laga det sjølv på fiberkort eller vero). Eg har ikkje verifiert at alle koblingar på layoutet er korrekt, det har gått litt fort i svingane med å tilpasse layout til chassis. Men verifiseringa tek eg under vegs når eg bygger. 

 

Edit: eg har allerede funnet første feil :)  Potmeterene skal sjølvsagt vere 1M LOG, ikkje LIN som det står no.

Warhuus-testrender.png

Endret av McJostein
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då kjem allereie første oppdatering :) Pre-ampkortet er så godt som ferdig. Eg tek no ei lita veke fri frå prosjektet for å reise på kurs i jobbsamanheng. Det gjenstår litt metallsløyd på chassis (pussing og lakkering), men eg satsar på å begynne med montering rundt neste helg.

50854DF9-1B32-49DE-8CA1-780A27075EA1.jpeg

AAB42FB1-84DF-4E62-9338-D15A31BB9EE3.jpeg

  • Liker 12
  • Takker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Chassiset er ferdig sandblåst (det vart ein kombinasjon av sandblåsing og aceton/skraping), men lakkeringen gjekk litt skeis så eg må pusse litt i morgon og kjøre eit eller to strøk til. Problemet er at det er litt rennemerker på sidene og isoporen har hengt seg litt fast ett lite stykke under. Gullfargen er no ganske fin i alle fall ?

7A00DFF6-415C-4679-9519-6E3736B4BD11.jpeg

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er det meste mekaniske montert og eg får forhåpentligvis begynt med å koble relativt snart. Chassis er egentlig pre-drilla til ein annan modell så derfor ser det litt Frankenstein-ish ut før frontpanel kjem på.

 

18B24157-8582-4F11-BF99-EDB67E8A9616.jpeg

Endret av McJostein
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg testa,  lodda, tasta og lodda. Eg har endra litt komponnenter, men har kome til at det er for lite vreng i kanal 2 i seg sjølv - det er fasevender-røret som lager mesteparten av vrengen. Derfor må eg endre litt på kretsen for å overstyre meir i andre rørtrinn på kanal2, slik at ein kan få nokonlunde likt volum mellom kanalene og samtidig meir vreng på kanal2 enn på 1. Kanal 2  vert truleg meir lik på 2203/2204, men me får sjå kvar dette ender. Nytt layout ligger under. I tillegg får eg truleg produsert frontpanel i løpet av ei veke - her har eg fått eit lokalt firma til å gjere jobben med laserskjæring/gravering. 

Warhuus_v2.png

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.