Web Analytics
Jump to content

Dynacord Twen, restaureringsprosjekt


Recommended Posts

Eg kjøpte nettopp ein Dynacord Twen (1966??) hos Ptr her på forumet, men det skulle ikkje forundre meg om ampen har vore innom hos fleire forumitter. Ampen var opplyst å ha litt problemer - i hovedsak tidvise brummeproblemer. Eg tok i alle fall sjansen og slo til på å kjøpe den, og i den forbindelse tenkte eg det kanskje kunne vore kjekt med ein liten tråd frå restaureringa (for eventuelt andre amp-nerder ;-) ).

post-10223-0-21179400-1450366049_thumb.j

(Ampen frå framsida)

post-10223-0-65920400-1450366086_thumb.j

(Ampen frå baksida, utan deksel påskrudd)

Denne ampen er ein relativt enkel amp, eit gainsteg 1/2 12ax7 --> volume og tonekontroll --> eit driver-trinn 1/2 12ax7 --> 1/2 12ax7 som fasevender og biaskontrollert tremolo (vibrator står det på ampen) 1/2 12ax7. Utgangen er 2x6v6. Utgangstrafo har vore bytta til ein Hammond (hugsar ikkje modellnummer i farten) og høgtaler er bytta til ein Eminence Legend (12" alnico, usikker på modellnummer). Ampen viser tegn på at den er nesten 50 år gamal, og det har vore utført ein del reparasjonar med ulik kvalitet opp gjennom tidene ser det ut til. Sidan det er point to point uten bruk av fiberkort så ser det etter kvart ut som eit rottereir inni ampen...

post-10223-0-52426500-1450366642_thumb.j

(bildet er kanskje litt skeivt siden eg brukte panoramafunksjon på telefonen)

post-10223-0-44651000-1450367457_thumb.j

Kondensatorer er bytta, nokre motstandar er bytta og eg har begynt å bytte ein del stygg kabling. Filterkondensatorene ser ut til å fungere greit, men det er kobla inn ein ekstra 50uf som ikkje er oppført i koblingsskjema. Eg lar den stå inntil vidare. Videre tenker eg å rydde meir i kabing, samt bytte potmeter til log/audio då det no står lin kobla inn som gjer fullt volume ved kl 9-10, satser på å få litt meir nyansert volume før breakup med 1M log.

21.12.2015:

Då har eg bytta potmeter på volume og tone og det er enorm forskjell på korleis den responderer på volumendringer no. No har ein mulighet til å spille på lavt volume også (for dei som måtte vere interessert i det, hehe). Tonekontrollen er relativt uendra, mykje skjer siste to mm, så her bør eg nok endre kretsen litt slik at ein har litt meir å justere på - ampen er svært "mørk" eigentleg, bortsett frå med tone på fullt. CTS-potmetra eg satte inn hadde akkurat for stor diameter til at dei originale potmeterknottene passa :( No er skafta i plast så det er mulig å skrape/pusse det til trur eg. Inntil vidare står det kvite komfyrknotter på, ser heilt ok ut det også :)

post-10223-0-07143600-1450687652_thumb.j

Edited by Jostein Steinsland-Hauge
  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Det spørs nok om eg har tålmodighet til å rydde den heilt fin, men eg skal i alle fall bytte litt meir kabling. Eg er gått tom for kabel (har massevis med teflonbelagt kabel, men den passer ikkje heilt i denne ampen... Eit snev av ocd?) så det er 30m med "cloth covered" kabel på vei i posten :-)

Edited by Jostein Steinsland-Hauge
Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Lånte en Twen en gang tiden, den hadde to 8" (?) elementer eller noe slikt. Tremoloen er steinbra, og de låter tøft med litt volum på.

Den ampen heter Dynacord Amigo :) Jeg har en sånn. Knalltøff liten sak, ett 6L6 rør, ca 8W, 2x 6,5" elementer. Og nydelig tremolo ja!

Link to comment
Share on other sites

  • 10 months later...

Eg solgte ampen eg hadde før eg fikk testa ut meir endringer på tonekretsen. Responsen på tonekontrollen endra seg litt med å bytte fra lin til log-potmeter, men forskjellen var ikkje så stor som på volumpotmeteret. Angrer litt på salget, den låt fantastisk fint egentlig :)

Edited by Jostein Steinsland-Hauge
Link to comment
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
 Share

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.