Web Analytics
Jump to content

NGD - Canadian Breed T-Class


Kossoff

Recommended Posts

post-6907-0-72903500-1392047264_thumb.jp

Pga skule får eg ikkje spelt så mykje som eg skulle ynskje, men så langt er det heilt topp. Gitaren er satt opp akkuratt sånn eg ville, han høyrest bra ut og kom faktisk stemt ut av kassen. Sjølv om strengane kanskje skulle vore slakket før sending, var jo det litt kult. Finishen er super, her har Bill verkeleg gjort ein god jobb! Men det som absolutt står fram som det beste er halsprofilen: det er som om Bill har kopiert tankane mine - og gjort dei til realitet.

Om eg skal trekke fram det som ikkje er heilt 100%:
Halsen er litt 'sticky', men det fiksast lett med stålull i morgon.
I neck pocketen er to små lakkflak kakket av, utan at det gjør noe.

Så langt er eg supernøgd! Gitaren står verkeleg til forventingane, og litt til!

ETTER EIN MÅNAD

No har eg altså hatt gitaren ein månad og har vorte betre kjent med han.

Eg synest fortsatt halsen er heilt super, han sitt godt i hånden. Halsteknisk er denne gitaren heilt perfekt. Båndjobben er kjempegod, profilen er som nemnt skikkeleg god og halsen ser bra ut!

Ang. lyd og korleis gitaren speler vert eg meir og meir nøgd kvar dag. Ikkje berre har eg vorte vant med å spele tele igjen, men eg trur treet har satt seg godt ila den første månaden. Gitaren resonerer betre no enn han gjorde i byrjinga. Til og med madammen høyrer det!

Eg har også brukt gitaren en del live og på øving no. Summa sumarum har det gått veldig fint! Gitaren er veldig lett, så den er snill med skuldrene og halsprofilen tillater lengvarig speling (det er det mange halsar som ikkje gjer)! Gitaren sitter fint i miksen og pickupane gjer meg varierte lydar. Først var eg litt usikker på mini-hum'en i neck, men no likar eg han. Det hjelper rett og slett å verte ordentleg kjent med mikrofonane.

Eg er veldig nøgd med gitaren!

For framtiden: gitaren har allerede fått ein del "nicks" & "dings". Trur han kjem til å sjå j****g bra ut om nokon år!

Edited by Kossoff
  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
  • Siste aktive tråder

  • http://www.BILDELERstore.co.no

  • Støtt driften av GitarNorge


  • Https://Www.AutoDELER.co.NO
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.