Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Verdi på ymse utstyr


Sirion

Anbefalte innlegg

Rundt midten av førre tiår opparbeida eg meg ein rimeleg god rigg med utstyr som eg, diverre, aldri fekk heilt fullførd. No som draumane om verdsherredøme er skifta ut med ein keisam men jordnær studiekvardag har riggen diverre fått stå litt for mykje i ro, og no vurderer eg å kvitte meg med stordelen av det. Eg har diverre ikkje lengre tid til å fylgje med på prisutviklinga på nett, så eg er litt i tvil om kva dei ulike tinga er verdt.

Fyrst frå min fantastiske (men akk so uferdige) rack-rigg:

2 * ADA MP-1. Burde vere godt kjende for dei fleste som kunne vere interesserte i slikt. Ein av dei har vore 110V, men har fått sett på ein ekstern trafo som er litt uhandterleg, noko som sikkert går utover prisen. Båe modulane fungerer etter det eg kan høyre heilt likt, og bør vel difor reknast for å vere i tilnærma perfekt stand. Lett slitasje, men ikkje noko skjemmande.

Furman PQ-6: Stereoutgåve av den legendariske parametriske eq'en som blei nytta av Dimebag, pluss ymse 80tals-småkongar som Stryper og Rough Cutt. 110V med amerikansk stikkontakt, men fungerar problemfritt med ein omformar. Litt møkkete, men i god stand.

Marshall xx sluttrinn: Dette skifta eg ut relativt fort, så eg veit ikkje noko serleg om det. Faktisk kan eg ikkje hugse modellen her og no, då det ligg lagra heime hjå foreldra mine. Det er i alle høve ein 2U solid state poweramp frå Marshall, utan nokon form for volumkontroll; ei ganske merkeleg løysing, men sidan solid state i prinsippet skal ha ein relativt lik lyd uansett volumnivå hugsar eg det som at det ikkje utgjorde noko stort problem.

2 * Rackkassar á 4U, båe solide og i god stand.

So ein frittståande amp:

Crate Vintage Club 50. Etter det eg har forstått ein av dei få Crate-forsterkarane som er rekna for å vere noko. Litt støy i volumkontrollen til clean-kanalen, men elles framifrå stand.

Er det nokon som har ei formeining om kva som er ein rimeleg pris for dei enkelte gjenstandane på den norske marknaden i dag? Eg har ikkje bestemt meg for å selje enno, men skulle nokon vere interessert er det berre å seie frå, so kan vi sjå om vi kan få ordna noko.

Endret av Sirion
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.