Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Sjølvbygd Explorer


geetarded

Anbefalte innlegg

Mange takk, folkens!

Berre for å ha sagt det, så er ikkje rosemalinga mitt verk:)

Prosessen starta egentlig for ca et år siden, og har vore et prosjekt for meg imellom studier og jobb. Mahognykroppen kjøpte eg på ebay, så det er kanskje ikkje så masse arbeid som man skulle tru. Forma på kroppen var litt i groveste laget då eg fekk den, så det blei litt modifiseringer og justeringer med sandpapir, fres og sparkel her og der. Spesielt var utforminga av halsen nokså ujevn, så denne pussa eg ned ein god del.

Deretter drilla eg hola i kroppen før eg forsegla treverket med ein såkalla "sanding sealer". Trur eg brukte 4 boksar med dette før eg var nokonlunde i nærheten av å ha ein tett kropp. For å få ei mest mulig tett og jevn overflate før eg begynte lakkeringa sparkla eg diverse hakk og riper etterfulgt av 7-8 lag med primer. Uten et 100% tett grunnlag før lakken ville sannsynligvis gitaren sett ut som eit vannskadd stakittgjærde. Så hadde eg på 12-15 relativt tynne lag med svart metallic lakk. Etter at rosemaleren hadde gjort sitt, begynte eg med klarlakken. Totalt gjekk det med i overkant av 5 boksar med klarlakk. Problemet med rosemaling er at det ligg igjen klumpar av maling her og der. Dette gjer at ein treng MASSE klarlakk for å få ei så jevn overflate som mulig når lakken skal pussast ned igjen.

Når all klarlakken var påført kom det vanskeligaste i prosessen. Eg måtte la gitaren stå i fred i 6 veker. Dette for at lakken skulle sette seg skikkelig. Men når dei seks vekene var gått begynte eg altså pussing av klarlakken, med henholdsvis 320, 600, 800, 1000, 1200 og 2000 grit sandpapir og vatn. Deretter rubbing og polering.

Elektronikken kjøpte eg hos ulike forhandlarar i USA, noko som sparte meg for nokon tusen kroner. EMG'ane fekk eg til halv pris i forhold til om eg hadde kjøpt dei her i landet (synd men sant). Loddinga baud og på litt problem sidan eg ikkje hadde rørt ein loddebolt på tre år. Men det blei nå lyd:) Mitt neste prosjekt blir sannsynligvis å bygga ein gitar heilt frå scratch.

Endret av geetarded
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vær så snill og fortell litt om prosessen. Jeg er spesielt interessert i de vanskeligste tingene. For jeg har lyst til å prøve å lage en set-neck explorer selv. Hvor fikk du tak i tegninger, mål osv?

Eg kjøpte eit Explorer-kit, men måtte drilla hola sjølv. Eg brukte stort sett bilder og ein ferdig Gibson Explorer og tok mål av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kjøpte eit Explorer-kit, men måtte drilla hola sjølv. Eg brukte stort sett bilder og ein ferdig Gibson Explorer og tok mål av.

Hvor får du tak i set-neck kit? Jeg har bare funnet bolt on kit. Sånn som min "selvbygde" explorer. Men utrolig fin gitar du har laget! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor får du tak i set-neck kit? Jeg har bare funnet bolt on kit. Sånn som min "selvbygde" explorer. Men utrolig fin gitar du har laget! :D

Takker! Eg fekk tak i mitt av ein privatperson på ebay, så vidt eg huskar. Vurderte lenge å kjøpe her, men da får du med alt det rælet i tillegg:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.