Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Halloi


Jens-K

Anbefalte innlegg

Det er vel berre alminneleg folkeskikk å presentere seg for folk...

Eg er då altså ein 27 år gammal kar i frå Søre Sunnmøre, med samboer, dotter på 8 mnd, hund, stasjonsvogn og full pakke. Jobbar som maskinist på båt, og trivast godt med det. Har vore lidenskapeleg interessert i musikk stort sett heile livet, men gitar kom ikkje inn i biletet før i 13-14 års alderen. Fram til eg var ca 20 gjekk det stort sett i trommer, først då blomstra gitarinteressa for fullt. Har alltid budd i grisgrente strøk, så eg har ikkje vore vekkskjemd med altfor gode musikk-miljø, men der har jo vore noken få band opp igjennom åra. Har stort sett vore ein guteroms-rockar, derfor kan eg vel ikkje skryte på meg all verda med skills.

Har ein forkjærlegheit for 70-80 talls hardrock, som deep purple, whitesnake, thin lizzy osv, men er ganske altetande når det gjeld musikk, berre ikkje kom dragande med danseband eller country, då får eg mageverk, og eg har faktisk opplevd å bli forbanna av å høre slik musikk...

Kan heller ikkje skryte på meg all verda med utstyr heller. Spelte lenge på ein lånt squier strat, før eg fall for ein Epiphone Les Paul Standard, som eg er veldig fornøgd med. Har alltid ønska meg ein ekte Stratocaster, så ein slik står høgt på prioriteringslista framover. Sjølsagt etter alt som har med hus og heim å gjere :blush: Har også ein Freshman akkustisk og ein Eko 12-strengar i fra 70-talet. Lyden forsterkar eg gjennom ein Fender Performer 100 W kombo. Av effektar brukar eg 3 boss-boksar: Blues driver, Digital Delay og Metal Zone (denne er i grunnen mest til pynt...) Har ståande ein zoom multieffekt som aldri blir brukt, får den ikkje til å låte bra.

Ellers er eg veldig interessert i fotball, Arsenal er laget (kan ikkje sei eg er veldig stolt av det for tida) Spelte aktivt til eg var 25, då ville ikkje knea lenger. Så da gjekk eg over til golf, slik alle habile fotballspelarar gjer etter at karriera er over :lol:

That`s about it!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ein forkjærlegheit for 70-80 talls hardrock, som deep purple, whitesnake, thin lizzy osv, men er ganske altetande når det gjeld musikk, berre ikkje kom dragande med danseband eller country, då får eg mageverk, og eg har faktisk opplevd å bli forbanna av å høre slik musikk...

Velkommen Chuck (Berry?)

Jeg kan berolige deg med at tiden sannsynligvis hjelper deg til å utvikle aksept og interesse for stadig nye musikksjangere, slik at du slipper problemer med mage og aggresjon. B)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.