Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Notar til gamle songar?


Dan_The_Riffman

Anbefalte innlegg

Eg har eit lite problem, som de sikkert skjøna. Eg tenkjer å spele inn ein versjon av Ivar Aasen sitt kjende dikt "Nordmannen" (òg kjend som "Mellom Bakkar og Berg"), og har høyrd at før Ludvig Lindeman skreiv den klassiske melodien me brukar no til dags, vart det nytta ein annan melodi til dette diktet; Den same melodien som til eit anna Aasen-dikt - "Klaga og Kyta." Eg tenkjer å nytta begge melodiane.

Problemet er jo at eg aldri har lært Klaga og Kyta-melodien, og eg lurar difor på om det er nokon her som veit om innspelingar eller gidd spele inn den melodien eller noko slikt sånn at eg får lært meg den.

På førehand, takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

som Castor sier: biblioteket!

Hovedbiblioteket i Oslo har helt sikkert noter til 'dei vil alltid klaga og kyta', ditt nærbibliotek kan bestille den derfra.

Jeg kan såvidt den første strofen, og den passer fint til den første linjen i 'mellom bakkar og berg'

eventuelt kan du sjekke med Ivar Aasen tunet (www.aasentunet.no). De kan sikkert også hjelpe.

lykke til

Endret av palehorse
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det gløymde eg å skriva. Eg har allereie leita på både lokalbiblioteket, Bergen Offentlege Bibliotek, og spurd Aasentunet som sende meg vidare til ein fyrsteamanuensis i Odda og Oslo hovudbibliotek. I tillegg til ein del søkemotorar.

Men så kom eg på noko, og fann på veven ei amatørinnspeling av Nordmannen som ikkje nytta Lindeman-melodien:

http://www.folkedans.com/danserettleiing/s....htm#Nordmannen

Er dette melodien eg leitar etter?

Endret av Dan_The_Riffman
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det gløymde eg å skriva. Eg har allereie leita på både lokalbiblioteket, Bergen Offentlege Bibliotek, og spurd Aasentunet som sende meg vidare til ein fyrsteamanuensis i Odda og Oslo hovudbibliotek. I tillegg til ein del søkemotorar.

Men så kom eg på noko, og fann på veven ei amatørinnspeling av Nordmannen som ikkje nytta Lindeman-melodien:

http://www.folkedans.com/danserettleiing/s....htm#Nordmannen

Er dette melodien eg leitar etter?

Det er denne melodien jeg tenkte på. Men jeg er langt i fra noen ekspert på dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den linken til "Nordmannen" der, er den lite brukte variasjonen.

Lindemannversjonen finner du her: http://quattro.no/audio/QCD9409-01.html

Hvis jeg ikke tar helt feil, står kanskje begge versjonene i Mads Bergs sangbok. Det var i mange år "standardverk" i grunnskolen, på den tiden da vi var opptatt av å ha en felles sangskatt. Ta en kikk, de fleste biblioteker har nok den.

Uansett der de to så like at de nesten går i hverandre. Morsom idé å bruke begge to.

Lindemannversjonen er nok den som er mest brukt.

Offtopic- visste du at førsteverset er preget inn i hundretusenvis av norske førerkort, på baksiden, nederst i høyre hjørne?

Endret av CastorFiber
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Okay, då har eg funne rett melodi. Takkar so mykje :)

Og eg kan jo sjølvsagt Lindeman-melodien. Det var berre at om eg skulle nytta begge, hadde det vore lurt å kunna den andre, òg, tenkte eg. Ifølge fyrsteamanuensis Terje Aarseth ved høgskulen i Odda, er visst begge versjonane samordna, slik som du sei, til den dag i dag, men Lindeman-melodien er den mest kjende.

Er det nokon som veit kven som faktisk laga den andre? Var det Aasen sjølv eller er det ein folketone?

Offtopic: ja, eg trur eg har lese det på nynorsk wikipedia ein gong. Lite kult, då :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.