Web Analytics
Gå til innhold
  • Bli medlem

Sjur577


Anbefalte innlegg

HAY!

Som namnet mitt tilseier, så heiter eg Sjur. Dei med peiling kan også forstå at eg er kjempefan av Motorpsycho når dei ser at eg har 577 i nicket.

Eg er 19 år, bur i Førde og går på allmennfag ved Hafstad VGS.

Synest det som oftast er eit ork å lære teknikk og å lære meg å spele soloar(riff er jo som oftast ikkje like stress å lære) nøyaktig slik som dei originalt blir spelt, så musikalsk sett kan eg kanskje minne om Doug Martsch frå Built To Spill.

Eg speler for det meste ting som Rolling Stones, Interpol, Built To Spill, Doors, Motorpsycho, Lynyrd Skynyrd, Neil Young, Pink Floyd/Syd barrett, QOTSA, Muse og The Smiths/Morrissey. Ein herlig miks.

Starta med gitar då eg var 13, men hadde kun ein kassegitar å spele på. Sidan eg ikkje hadde forbilder som spelte kassegitar på den tida, så var det særs lite framgang før eg kjøpte meg elgitar for 2,5 år sidan. Har sjølvsagt jobba som søren med å "nå att" venene mine i ettertid, men trass i alt strevet er det kanskje ikkje så rart at eg speler rytmegitar i bandet mitt?

Har ein Artisan Les Paul(må ikkje forvekslast med Gibson-modellen. dette er ein ukjend kopi eg ikkje finner info om på nettet) med øydelagt pick-up i neck no, men går til innkjøp av Hagstrøm Super Swede denne sommaren. Eg skal ikkje legge skjul på at eg speler ein trall på munnspel eller kazoo frå tid til anna.

Endret av sjur577
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.