Superstratsjuka er endeleg kurert!
Tirsdag køyrde eg til Lindås for å teste ein Suhr modern shv hadde ute for salg. Eg hadde (har) eigentleg ikkje råd til gitaren, så eg var på besøk for å teste gitaren, for å ha eit intrykk når ein til litt snillare pris kom for sal. Men så skjedde det noko som har skjedd ein gong før - Eg "kicka" så jæ***g på gitaren. Før eg var ute av døren hadde eg eigentleg bestemd meg for å kjøpe gitaren. Så.... den kvelden vart ein studie pengeinnsamling frå dei som ville sponsa..
Enden på historia er at eg no sit heime hos far og mor med ny gitar!
Gitaren er fantastisk lettspelt, eg har ikkje amp heime i Bergen lenger, men akustisk er gitaren veldig artikulert. Det lover godt for vegen vidare!
Sidan eg ikkje har kamera her i Bergen, heller ikkje kan ta bileter, tar eg meg fridomen til å låne biletene frå shv sin finnannonse. Dei er ganske fine.