Web Analytics
Jump to content

Sirion

Medlem
  • Posts

    6
  • Joined

  • Last visited

About Sirion

Sirion's Achievements

Nybegynner

Nybegynner (3/6)

0

Reputation

  1. Eg er klar over at dette er ein gamal tråd, men sidan trådstartar er sopass ung tek eg meg tida likevel. Eg søkte i si tid om støtte for bacheloren ved GI, og fekk ei førebels finansieringsgodkjenning av lånekassa utan problem. No blei det heldigvis aldri til at eg reiste (det er etter kvart andre interesser enn gitaren som har teke over), men det skulle ikkje vere noko problem å få dette godkjend; i det minste ikkje om du greier å redusere studietida ned til tre år. Amerikansk High School er eitt år kortare enn den norske vidaregåande skulen, og ein kompenserer difor med å ha "allmenndanningfag" tilsvarande om lag eitt skuleår i bachelorgraden. Dette året får du i utgangspunktet ikkje stønad frå Lånekassen om, men du kan koma deg rundt det ved å ta eitt årsstudium ved eit humanistisk fag i Noreg. Klarer du det går det sikkert an å gylle timeplanen sin meir enn det som i utgangspunktet er planlagt, og ta ein del slike fag ved sidan av; skulle det vere interessant trur eg UiO tilbyr studentar å ta enkeltfag; korleis det i so høve er med å få ta eksamen er eg usikker på, men det kan vere lurt å sjekke ut. Her må eg til slutt oppmoda om at du tek kontakt med dei direkte. Send MI gjerne ein epost allereie no, og ein ny ein når tida nærmar seg, berre for å høyre om ting er likt. Elles trur eg det er mogleg å hoppe over fag du allereie kan visa meistring i, som betyr at ein kan korte ned studietida (eller i det minste studiebelastinga) ved å byrje å jobbe med ein del fag allereie no. Høyrelære er til dømes noko ein kan jobba målretta mot når ein har sopass lang tid som deg; musikkteoridelen ser det ut som ein kan lære seg ved å jobbe seg gjennom ei bok innanfor klassisk og ei innanfor moderne harmoni (om du er interessert kan eg gjeve nokre peikepinnar her); utifrå beskrivinga kan ein finne bøker som dekkjer det meste av genrekursa deira. I det heile ser det ut som at ein kan gjere mykje sjølv for å førebu seg på dei sokalla "supportive music"-kursa. Med dette kjem eg til det siste punktet. MI er utan tvil ein god skule, og har mange lærarar som ein kan lære enormt mykje av. Men er det verdt all gjelda? Ein kamerat av meg var nettopp ferdig med ein bachelor frå LIPA, og det verkar ikkje som om det er vegen til rikdom og vyrdnad. Korleis LIPA og MI veg opp mot ein annan skal eg ikkje seie noko om (for då hadde eg vore ute på temmeleg utrygg grunn), men om ein har disiplin undrast eg over kor mykje av faga som MI har som ikkje kan lærast på eigen hand. Hadde pengane kanskje vore betre brukt om ein hadde freista å lære om og skapa seg eit namn innanfor musikkbransjen, og heller øvd meir på eigen hand? (Om du er interessert i nokre tips, send meg ein PM) So sant du ikkje har tenkt å arbeida som session-musikar resten av livet trur eg eigentleg det er fleire vegar inn i fortet, og eg trur at det er folk inne her som sit med temmeleg mykje kunne om det som er undervist i dei aller fleste faga der.
  2. Rundt midten av førre tiår opparbeida eg meg ein rimeleg god rigg med utstyr som eg, diverre, aldri fekk heilt fullførd. No som draumane om verdsherredøme er skifta ut med ein keisam men jordnær studiekvardag har riggen diverre fått stå litt for mykje i ro, og no vurderer eg å kvitte meg med stordelen av det. Eg har diverre ikkje lengre tid til å fylgje med på prisutviklinga på nett, så eg er litt i tvil om kva dei ulike tinga er verdt. Fyrst frå min fantastiske (men akk so uferdige) rack-rigg: 2 * ADA MP-1. Burde vere godt kjende for dei fleste som kunne vere interesserte i slikt. Ein av dei har vore 110V, men har fått sett på ein ekstern trafo som er litt uhandterleg, noko som sikkert går utover prisen. Båe modulane fungerer etter det eg kan høyre heilt likt, og bør vel difor reknast for å vere i tilnærma perfekt stand. Lett slitasje, men ikkje noko skjemmande. Furman PQ-6: Stereoutgåve av den legendariske parametriske eq'en som blei nytta av Dimebag, pluss ymse 80tals-småkongar som Stryper og Rough Cutt. 110V med amerikansk stikkontakt, men fungerar problemfritt med ein omformar. Litt møkkete, men i god stand. Marshall xx sluttrinn: Dette skifta eg ut relativt fort, så eg veit ikkje noko serleg om det. Faktisk kan eg ikkje hugse modellen her og no, då det ligg lagra heime hjå foreldra mine. Det er i alle høve ein 2U solid state poweramp frå Marshall, utan nokon form for volumkontroll; ei ganske merkeleg løysing, men sidan solid state i prinsippet skal ha ein relativt lik lyd uansett volumnivå hugsar eg det som at det ikkje utgjorde noko stort problem. 2 * Rackkassar á 4U, båe solide og i god stand. So ein frittståande amp: Crate Vintage Club 50. Etter det eg har forstått ein av dei få Crate-forsterkarane som er rekna for å vere noko. Litt støy i volumkontrollen til clean-kanalen, men elles framifrå stand. Er det nokon som har ei formeining om kva som er ein rimeleg pris for dei enkelte gjenstandane på den norske marknaden i dag? Eg har ikkje bestemt meg for å selje enno, men skulle nokon vere interessert er det berre å seie frå, so kan vi sjå om vi kan få ordna noko.
  3. Etter å ha fÃ¥tt ny gitar i posten i dag (lagar eigen trÃ¥d om det i løpet av dei fyrste dagane) føler eg det for godt Ã¥ selgje unna alt forsterkarutstyret mitt, og byrja pÃ¥ nytt. SpørsmÃ¥let er dÃ¥ kva det eg har eigentleg er verdt her i Noreg. Eg har sett pÃ¥ amerikanske prisar, men eg følar at desse eigentleg er lite aktuelle for den norske marknaden, spesiellt med den noverande dollarkursen. Vidundera eg ynskjer Ã¥ kvitta meg med er: 2 x ADA MP-1 BÃ¥e einheitane er i fin stand. Den eine er derimot originalt ein amerikansk 110 v-modell, der ein tidlegare eigar har montert pÃ¥ ein ekstern trafo som mÃ¥ festast. Eg har eitt 4U rack som har vore bora hol i for Ã¥ festa denne, og tenkte Ã¥ selgja desse to saman, til same pris som den andre, europeiske einheita. BÃ¥e har nye, nesten ubrukte JJ-røyr i seg. Det ser ut til at desse gÃ¥r for 200$ og oppover i statane, ville dÃ¥ 2000 per einheit vera ein logisk pris her? Marshall 9100 Stereo, 2x50 watt power amp (dual block). Denne blei overhala og modifisert til Ã¥ ta EL34-røyr for eit par Ã¥r sidan (og det er vel trass alt det ein vil ha i ein Marshall ? ). Nye JJ-røyr ogsÃ¥ i denne. Ser at den nyare generasjonen av desse gÃ¥r for 13000 hjÃ¥ Sound1, burde det dÃ¥ vera realistisk Ã¥ fÃ¥ ein stad mellom 5000 og 6000 for denne? Crate Vintage Club 50 Ein av fÃ¥ Crate-forsterkarar som med rette kan kallast ein klassikar. Svært god stand, med unntak av at volumpotmeteret pÃ¥ clean-kanalen støyar nÃ¥r ein skrur pÃ¥ det (kanalen fungerar elles fint, og er heilt støyfri nÃ¥r volumet fÃ¥r stÃ¥ i ro). Denne er eg eigentleg usikker pÃ¥ kva er verdt. Eg betalte 5000 for ein del Ã¥r attende, trur dykk han kan liggja pÃ¥ noko slikt no ogsÃ¥? Dette vil nok havna pÃ¥ kjøp/sal-forumet med tida, men tenkte det var greitt Ã¥ posta det her til eg veit kva eg eigentleg kan krevja for det.
  4. Draumegitaren blei sendt frå Gardermoen i dag, er vel i Trondheim i løpet av eit par dagar:
  5. Eg har ikkje lese gjennom alle sidane, men utifrå det eg har sett, meiner eg at folk bommar litt. for å konstatere det: Tjukkare strengar endrar på lyden din. Nokre vil hevda at det er til det betre, andre det motsette. Det er heldigvis ingen feil her. Gary Moore kan spela sjukt bra med .012 (no pratar vi om rockeåra, då han verkeleg var "hot"), medan K.K. Downing frå Judas Priest nyttar eit custom .007-sett[sic!] Kor godt du høyrer dette, kjem an på riggen du spelar på. Generelt betyr meir vreng at det blir mindre høyrbart, då vreng gjer at meir av lyden kjem frå forsterkaren. Eit tips ein kan hugsa på er at på ein verkeleg god gitar vil alle strengetjukkelsar fungere, medan ein vil høyra stor forskjell i lydkvalitet på ein dårleg gitar. Men når du har instrument over nybyrjarnivå, bør det vera einge preferansar innanfor "feel" og lyd som er gjeldande. Grunnen til at Gary Moore nytta så tjukke strengar var at det ikkje var anna å få tak i då han var gut i Dublin, ikkje fordi Peter Green-Les Paulen er eit dårleg instrument. Det som i mine øyre har meir å seie enn tjukkelse er materialet strengane er laga av. Personleg hellar eg mot strengar av rein nikkel. Dei gjev ein varmare lyd enn nikkel/stål-strengar (nickel plated), som er meir vanlege. I eit Megadeth-coverband eg hadde nytta eg nikkel/stål-strengar; der var den meir midtfrekvente lyden passande. Men for mine eigne prosjekt nyttar eg Fender 150-strengar, og hovudsakleg XL-settet (.009-.038), som er ein tjukkelse eg over tida har blitt vann med, som passar godt både til spelestilen min og lyden eg ynskjer. Om du ikkje har tenkt over det før, skuldar du verkeleg deg sjølv å testa ut "pure nickel"-strengar. Til slutt ein lten anekdote rundt desse strengane. Eg bur til vanleg i Trondheim, der du har to gitarforretningar, Tre45 og Riff. Som dei fleste her sikkert veit er Tre45 (eller kva dei kallar seg no til dags) den etablerte på marknaden, og der eg er vann med å handla. I ein svak augneblink gjekk eg for eit par år sidan tom for strengar, og måtte ned i byen for å handle (vanlegvis handlar eg desse på nett). På Tre45 gjekk eg over alle strengesetta, men fann ikkje noko i rein nikkel. Eg spurde ein i betjeninga om dette, og nemnde at eg vanlegvis nytta Fender XL 150 Svaret eg fekk var noko i dei banar at dei KUNNE skaffe Fender-strengar, men at desse ikkje var særleg gode, og at det nesten ikkje var etterspurnad etter dei. Dette var så klart etterfulgd av eit forsøk på å selgja meg nokre andre strengar. Eg avslo høffleg men bestemd, og gjekk. (For ordens skuld må det seiast at eg har hatt mange gode erfaringar med Tre45, og eg har ofte vore innom og gjort handlar sidan). Eg gjekk så opp til den mindre Riff for å prøve lukka der. Og ikkje berre hadde dei nikkelstrengar, men det noko sære XL-settet eg likar. Eg gav så mine kompliment på at dei ikkje berre hadde desse inne, men hadde ei heil hylle med dei. Så fekk eg forklart at grunnen til at dei hadde så mange av desse var at dei måtte halde eit stort lager av desse inne til ei kvar tid, då Ronni le Tekrø handla enorme mengdar kvar gong han skulle på turné eller i studio.
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.