Gå til innhold

Zeph

Medlem
  • Innholdsteller

    16
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral

Om Zeph

  • Rang
    Nybegynner
  1. Takk takk for svar. Eg er med på kva du seier. Akkurat det å skru på riktig skrue er greit nok med veiledning online, men så er det jo mogleg å skru for mykje, for lite, i feil rekkefølgje osv. Skrur du til ei skru før du strammar ei anna, så kan det gå galt.Er framgangsmåtar og kva ein bør vere obs på så godt beskrive at ein kan lære seg det? Du finn hundrevis at veiledningar på nettet. Har i tillegg manualen til gitaren. No er nok Ibanez-ressursar og nettsider førstevalg, der dei gjerne tar for seg ting å vere obs på. Eg er elektrikar og glad i å skru, så eg vil gjerne gjere det sjølv, men eg må vere sikker på at eg kan finne nok informasjon til å kunne gjere det utan å risikere å skade gitaren. Som sagt er eg perfeksjonist og gjer stort sett saker og ting forsiktig og nøye iht. veiledning. Så eg trur den største utfordringa akkurat no er å få nok informasjon til å kunne gjere det riktig og styre unna feil. Eg har så langt lese gjennom manualen, lese nokre veiledningar på nett og sett videodemonstrasjonar, så eg har byrja å få ei forståing av korleis ting heng saman. Samtidig veit eg ikkje om buzz er på grunn av hals, strengehøgde, tremolo eller anna knask. Ikkje har eg det så veldig travelt heller. Eg må få erfaring med det og tilegne meg kunnskap over tid. I starten går det an å få hjelp til dei feila eg har, og samtidig lære av det, men på sikt vil eg gjerne kunne skifte strengar, justere det som evt må justerast for å få riktig intonasjon, vinkel på tremolo, action, truss rod, fintunere osv... Eg har skifta strengar og juster action på Squiren, som er ein start, men det er så mykje meir på ein JEM.
  2. Eg har ein nyerverva JEM, og sit og lurer på kor mykje eg skal lære meg. Eg likar å gjere ting sjølv, er perfeksjonist, og stolar ikkje heilt på andre. Samtidig kan eg lite om gitarar, men ein finn jo så mykje på intervebben i desse dagar, og eg er god med Google. I tillegg må det vere greit å kunne fikse ting sjølv i framtida. Den er spelbar i dag, men det er to ting som burde vore gjort noko med. 1: Buzz på E (low), A og G. 2: Alle fintunerskruene er heilt skrudd ut, så eg har lite å gå på. Tremoloen sit og kanskje ein anelse lågt.
  3. HDMI, digital optisk og digital coax = digital lyd. Phono (AUX, raud og kvit) og minijack (typisk hovudtelefonutgang) = analog lyd. Du vil ha lyden frå Xbox til boomblaster. Dersom du brukar HDMI ut frå Xbox-en, så må lyden på eit eller anna tidspunkt konverterast frå digitalt til analogt signal, sidan boomblasteren ikkje har digital inngang. Dersom du brukar ein analog utgang på Xbox-en, så kan du plugge det rett i boomblasteren. Eg går ut frå at AUX IN på boomblasteren ser ut som på AUX-biletet mitt over. I så fall vil kabelen lenka til over fungere. Har du hovudtelefonutgang på TV-en, så kan du koble HDMI frå Xbox til TV, og minijack frå TV til boomblaster. TV-en konverterer det digitale signalet frå HDMI-kabelen til analogt og leverer det ut gjennom ein minijack-utgang. Dersom du ikkje har minijack inn på boomblasteren, så kan du bruke ein sånn overgang: Eventuelt ein kabel. Her er det kun snakk om å endre pluggen på kabelen, ikkje endre på signaltypen. Det er analog lyd til analog lyd. Denne type overgangar finn du på Biltema, Clas Ohlson osv. Dersom boomblasteren har ein minijack-inngang, så treng du kun ein sånn: Fordel med å gå direkte frå Xbox til boomblaster er at du har færre koblingar. TV-en kan i teorien forsinke signalet, eller ikkje levere det ut i like god kvalitet over hovudtelefonutgangen, men det kan gjerne fungere og. Dersom du har HDMI-kabel, så er denne løysinga sannsynlegvis billigare enn å kjøpe Xbox-kabel med analog utgang.
  4. Bumper denne litt eg. Eg har lese og høyrt mykje forskjellig når det gjeld luftfuktigheit. Enkelte meiner gitaren bør ha 40-60% året rundt, andre seier den klarar seg fint sjølv om RH (relative humidity) ligg under 30%. At metallet stikker litt ut er ein kurant sak å fikse. Det eg tenker mest på er treverket og at halsen kan byrje å bøye seg feil vei osv. Når det gjeld sopp og den slags, så skriv dei at du må opp i 70% RH i normal romtemperatur før det kan bli eit problem. Eg vil helst ha gitaren ståande framme, sidan eg plukkar den opp her og der i løpet av ein dag. Den står i eit hjørne mot innerveggar og har stabil temperatur året rundt. Har og gått til innkjøp av ein luftfuktar. Før eg satte den i gang, så var RH ned i 20% og kanskje under det på vinterstid. No ligg den på 40-50%. Målarane er mildt sagt upålitelege, men eg har tatt nokre testar med eit sling psychrometer som gjev ein betre indikasjon på faktisk RH. Målarane viser jamnt over litt for lågt.
  5. Skal du ha analog lyd ut frå ein Xbox så er det kabelen lenka til over du må ha, eventuelt converter frå digitalt. Har du Aux inn på boomblasteren så fungerer det bra. Har den ikkje phonoinngang så kjøper du berre ein overgang til minijack.
  6. Apropos kjøpe lokalt; JEM med ibenholt er tøft. Eg har prøvd ein 97 JEM. Er det særlege forskjellar på ein 03-modell?
  7. Den var mest eit eksempel ja. Hadde den vore finare brukt, så er det noko som kunne vore interessant, men det ser ut som dei har brukt den som hammar.
  8. Korleis er det å skifte delar på noko sånt? Om eg skulle finne ein gitar som har godt av litt opprusting. Til dømes: http://tinyurl.com/ofqv9md
  9. Utvalg er ein viktig faktor. Ein kan vente lenge utan å finne det ein er ute etter innlands.
  10. Styr og styr. Ikkje meir styr enn å overføre pengar og hente den på posten ein dag, men den reiser sjølvsagt litt lengre. Argument for å kjøpe frå Japan eller USA er modell, finish og pris. Eg er ikkje like gira på ein turkis JEM. Gitaren er nok like god, men eg må ha noko eg vil sjå på.
  11. Å sende som gåve vil ikkje hjelpe. Gåver er avgiftsfrie inntil 1000 kroner. Over det, så må du betale moms. Det betyr ingenting så lenge den merka verdien er riktig. Å setje lågare verdi på pakken kan bli problematisk dersom gitaren forsvinn eller blir skada. Forsikringa er basert på verdien den er merka med. Med $100-150 i frakt vil du hamne på ca. 24 000 kroner. Når selgar har 1100 tilbakemeldingar og 100% positive, så verkar det som eit trygt kjøp.
  12. Yes, med Stewe Howe på gitar, entrar Sentrum Scene 5. juni.
  13. Brukt er absolutt aktuelt. Går det mykje i Ebay, eller har du tips om andre sider på interwebben? Må vel innrømme at finishen var det første som slo meg. Eg har lyst på ein 24-bånds Ibanez. Designet appellerer, samt at eg har likt godt dei gitarane eg har prøvd. Når det gjeld modell så er det fleire variantar enn eg kan halde styr på.
  14. Å finne eit høveleg forum er første bud når eg interesserer meg for noko. Denne gangen vart det gitar. Etter å ha krangla med forumet i nokre dagar (You don't have permission to register on this forum), så kom eg til slutt gjennom etter å ha prøvd ei anna epostadresse. Etter eit mislykka forsøk på å bli pianist for alt for mange år sidan, så har det stått fullstendig stille på den fronten. Musikk har derimot vore med meg til alle døgnets tider, og gitar har alltid appelert mest. Eit par mislukka forsøk har eg hatt, men no blir det greier. Første bud er å skifte ut Squire-en med noko anna. Mykje fint å sjå på her inne, det er sikkert. Synest eg såg spor av kjentfolk her inne og. Så, eh....hei.
  15. Kom over ein Ibanez / RG2770FZ Color SPB (Sapphire Blue) på Ishibashi. Finn lite om FZ-modellen på nettet. Er det same modell som RG2770Z, eller er det forskjellar ute og går? Med frakt og litt sånt får eg til å bli ca. 11 500. Er det prismessig verdt eit kjøp frå andre sida av kloden? Vanskeleg å finne så mykje data på gitaren.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Dette nettstedet bruker cookies for å gi deg en best mulig brukeropplevelse Bruksvilkår.